Jon Oddvar Myrkaskog

Kunstnaren frå Vik

Jon Oddvar fann tidleg ut at han likte å teikna og det vart lagd merke til at han hadde evner i den retning. Etter han hadde gjort ferdig grunnskulen, reiste han til Stavanger og tok fagutdaning på reklameteiknarlina på Stavanger yrkesskule.

Då skulegangen var ferdig, vart det eit år i militæret for Jon Oddvar.

Etterpå begynna han å jobba som teiknar for Dagbladet Sørlandet. I den jobben kom han i kontakt med fleire andre som jobba med kreative yrke. Men det var reklameteiknar han hadde utdanna seg til, og ønskte å jobba som. Etter ei stund som teiknar i Dagbladet Sørlandet, kom han i kontakt med Strømmes Reklame i Kristiansand der han fekk jobb med fyrste forsøk.

Det var i 1976 Jon Oddvar byrja i reklamebransjen og då på Strømmes Reklame i Kristiansand. Men etter nokre år på Sørlandet som både avis- og reklameteiknar freista det med nye utfordringar. Det fann han i Oslo, der han med tida jobba i tre ulike reklamebyrå gjennom 1980 -talet. Det første var Klar Tale. Etter det var det hjå AB Bates og til slutt hjå Take Off. Å jobba i store reklamebyrå i Oslo var interessant og lærerikt, men også krevjande med eit stort arbeidspress.

Difor vart det til at Jon Oddvar etter desse åra begynte med si eiga verksemd, der han kunne fortsette å utvikle det han hadde halde på med, meir slik han sjølv ønskte. Han budde på Eidsvoll dei åra han jobba i Oslo. Men så vendte han nasen heimover til naturskjønne Vik der han er oppvaksen. Her driv han fortsatt med teikning, måling, logoutforming og utfører ulike oppdrag.

I slike flotte omgjevnadar som i Vik, finst det mange motiv, og nokre av dei har blitt foreviga på ein unik måte av Jon Oddvar.


Epost: post@jomdesign.no
Telefon: 91101185

Galleri

Måleri, teikningar, logoar

Her kan du sjå gallerioversikt over arbeid eg har gjort med teikning og måling, opp gjennom åra.